TIRSDAG 20. OKT, KL. 20:00 Mellombels Ølstove, Bryne
Ordinær: KR 100 INK. AVGIFT
Kjøp billett

Få billetter
UTSOLGT! Debatt: Jord eller data? Tour de KÅKÅnomics på Bryne!

Debatt: Jord eller data?

Tysdag 20. oktober kl. 20.00
Mellombels Ølstove, Bryne
100/50 – du må kjøpa billett på førehand pga plassbegrensing og smittevernreglar
Arrangør: KÅKÅnomics 2020 i samarbeid med Mellombels Ølstove
– Tour de KÅKÅnomics er støtta av Rogaland Fylkeskommune

På Kvernaland i Time, like ved den nye Fagrafjell transformatorstasjon, er det planar om ei ny datasenterklynge. Ein rapport som Norconsult har laga for Time kommune meiner at ei slik klynge kan skapa opptil 6200 arbeidsplassar. Initiativtakarane Green Mountain og Lyse meiner at datasenter kan bli eit viktig ledd i det grøne skiftet. Norge har eit godt utgangspunkt for lokalisering av datalagringssenter, som det vil bli stadig større behov for etter kvart som it-industrien veks.

Samtidig vil etableringa krevja store areal, blant anna av jordbruksjord og friluftsområde. Det har vekt sterke protestar at endå meir jord blir bygd ned, midt i det jærske matfatet, på same tid som sentrale styresmakter skjerpar inn jordvernet.

Korleis verdsetja dyrka jord? Er matjorda dømd til å tapa, fordi det alltid vil vera alternativ bruk som gir høgare avkastning og fleire arbeidsplassar på kort sikt? Kan jordbruket kompenserast på nokon måte ved slike etableringar? Kvifor er det så vanskeleg å styra nyetableringar til uproduktive område? Eller er det berre viljen det står på?

I panelet:
– Heidi Vinge, forskar ved instituttet Ruralis.
– Eirik Gundegjerde, direktør for strategiske prosjekt, Lyse.
– Andreas Vollsund, ordførar i Time (H).
– Ingrid Fiskaa, formannskapsmedlem i Time (SV).

Debattleiar: Tom Hetland, historikar, kommentator og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Mellombels Ølstove og KÅKÅnomics, som er ein årleg økonomifestival i Stavanger.

VIKTIG INFORMASJON I FORBINDELSE MED COVID-19:
– Arrangøren følger til enhver tid Helsedirektoratets retningslinjer for tilfredsstillende avvikling av kulturarrangementer.
– Pga behovet for smittesporing må du kjøpe billett på forhånd.
– Billettene må være registrert med fullt navn og kontaktinfo til den som skal bruke billetten. Dette registrerer du i Linticket ved billettkjøp.
– Husk 1-metersregelen, vis hensyn, hold avstand, og vask hendene hyppig og grundig.

Festivalprogrammet slippes fortløpende på www.kknomics.no