KÅKÅnomics / 19. OKTOBER 2021 19:00 / Sandnes Brygge Scene

Bygger me for stygt?

Bygger me for stygt?
– Tour de KÅKÅ|nomics på Sandnes

TID: Tirsdag 19. oktober kl. 19:00
STAD: Sandnes Brygge
50 kr

Facebookgruppa «Arkitekturopprøret» har sett eit kritisk søkelys på korleis me bygger i Norge i dag. Mange meiner at estetiske og miljømessige kvalitetar går tapande ut i kampen mot utbyggarar og politikarar som vil ha størst mogleg utnytting av knappe areal – og helst så billeg som råd.

Sandnes er ein av byane i landet som har hatt størst vekst dei siste tiåra. Bysentrum er blitt radikalt forandra, og stadig nye prosjekt dukkar opp.

Kven sit i førarsetet når slike prosjekt skal utformast? Sviktar politikarane sitt ansvar for å ta vare på andre omsyn enn dei økonomiske? Har utbyggarane for stor makt? Kva rolle spelar arkitektstanden i dette bildet? Kor mykje har det å seia kva «folk flest» meiner? Og kva er eigentleg «stygt» og «pent»?

Deltakarar:

– Ingrid Njaa Sekse, leiar i Stavanger Arkitektforening

– Kjetil Andersen, partner i The Property Group AS (TPG)

– Arne Buchholdt Espedal (Ap), leiar i utval for by- og samfunnsutvikling i Sandnes

– Leiv Rune Mjølsnes (H), medlem av utval for by- og samfunnsutvikling i Sandnes

Debattleiar: Tom Hetland, kritikar og journalist.

Samarbeidsavis: Sandnesposten

Tour de KÅKÅ|nomics, debatturnéen som kvart år drar rundt om i Rogaland i forkant av økonomifestivalen KÅKÅ|nomics i Stavanger, er i år utvida til fem stader: Sauda, Haugesund, Bryne, Sandnes og Egersund. På kvar av stadene skal me debattera tema med lokal relevans, men som også har interesse for eit større publikum. Dei som ikkje kan vera til stades i salen, kan følgja debattane på nett, enten på www.kknomics.no eller på nettsidene til lokalavisene me samarbeider med.