KÅKÅnomics / 28. OKTOBER 2021 18:00 / Norsk Oljemuseum

Finansdepartementets perspektiv for norsk økonomi 2022

Finansdepartementets perspektiv for norsk økonomi 2022
– Med ekspedisjonssjef Amund Holmsen i Finansdepartementet

Tid: Torsdag 28. oktober, kl. 18:00 – 19:00
Sted: Norsk oljemuseum
Pris: 150 kr / 75 kr

Norsk økonomi skyt fart ut av koronakrisa, statsbudsjettet for neste år er lagt fram for Stortinget og ei ny regjering skal no stake ut kursen for den økonomiske politikken. Olje- og gassnæringa har fått eit forbigåande oppsving frå korona-pakken i fjor sommar. Men bakom neste sving lurar utfordringar i form av olje-stagnasjon og omstilling.

Utsiktene for økonomien og arbeidsmarknaden har betyding for oss alle. Det same gjeld tilpassinga av norsk politikk, om det gjeld rentesetting, bruk av offentlege utgifter, tilpassing av skattar og avgifter, og ikkje minst kva for omsyn som no skal ligge til grunn for næringspolitikken.

På dette skal me få Finansdepartementets perspektiv, fulgt av samtale og kommentarar frå to særs kompetentente og engasjerte samfunnsøkonomar.

Innledning ved Amund Holmsen, ekspedisjonssjef økonomiavdelingen Finansdepartementet.

Kommentatorer / panel:
– Hilde C. Bjørnland, professor i samfunnsøkonomi, prorektor for forsking og fagressurser ved Handelshøyskolen BI
– Erling Holmøy, seniorforsker SSB

Programleder er Maria Berg Reinertsen, forfatter og journalist Morgenbladet.