KÅKÅnomics / 20. OKTOBER 2021 19:00 / Ølstova Mungåt, Egersund

Gruvedrift – den nye oljå?

Gruvedrift – den nye oljå?
– Tour de KÅKÅ|nomics i Egersund

TID: Onsdag 20. oktober kl. 19:00
Stad: Egersund, Mungåt ølbar
50 kr

I Dalane ser dei konturane av eit nytt, stort industrieventyr. Djupt under jord og knausar kan det liggja fosfor, vanadium, titan og andre mineral til ein verdi av fleire hundre milliardar kroner. Det internasjonale selskapet Norge Mining har skaffa seg leitelisensar i alle Dalane-kommunane, og driv for tida prøveboring på Helleland i Eigersund.

Dersom ressursane er drivverdige – kven skal få gevinsten? Bør me etablera eit statleg gruveselskap etter mønster av det som skjedde då me fann olje, for å sikra nasjonalt eigarskap? Eller bør me la marknaden rå, og prøva å sikra nasjonal styring på andre måtar? Kva blir igjen i regionen dersom gruvedrifta blir ein realitet? Og kva skjer med miljøet?

Deltakarar:
– Monika Øksnes, operasjonsleiar, Norge Mining
– Odd Stangeland (Ap), ordførar i Eigersund
– Geir Pollestad (Sp), p.t. leiar i Stortingets næringskomite
– Margret Hagerup (H), stortingsrepresentant
– Richard Samslått, leiar i Eigersund MDG

Debattleiar: Gunnar Kvassheim

Samarbeidsavis: Dalane Tidende

Tour de KÅKÅ|nomics, debatturnéen som kvart år drar rundt om i Rogaland i forkant av økonomifestivalen KÅKÅ|nomics i Stavanger, er i år utvida til fem stader: Sauda, Haugesund, Bryne, Sandnes og Egersund. På kvar av stadene skal me debattera tema med lokal relevans, men som også har interesse for eit større publikum. Dei som ikkje kan vera til stades i salen, kan følgja debattane på nett, enten på www.kknomics.no eller på nettsidene til lokalavisene me samarbeider med.