KÅKÅnomics / 28. OKTOBER 2021 16:00 / BlygeHarry

Havserien: Bærekraftig havbruk – Fleip eller fakta?

Ein debatt om naturen og næringslivet

Tid: Torsdag 28. oktober kl. 16.00-17:00
Sted: Blyge Harry
Pris: 150 / 75 kr

Reine fjordar, rik tilgang på reint vatn, gode straumforhold, aukande etterspurnad etter sjømat, norsk entreprenørskap og attraktive rammevilkår har gjort Noreg til ein stor eksportør av oppdrettslaks. Ambisjonane er difor høge for vidareutvikling av havbruk i Noreg.

Men havbruk har sine utfordringar. Sjukdom og daud i merdane, omfattande import av soya til fôr, lakselus og leppefisk, medisin, kjemikaliebruk og rømming legg stein til børa for ei næring som skapar mykje pengar, men ikkje så mange arbeidsplassar.

Korleis balanserer næringa omsynet til verdiskaping og arbeidsplassar mot omsynet til klima, natur og miljø? Kan ein i det heile tatt tenke seg ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa?

Deltagere:
– Ragnar Tveterås, professor, Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger
– Atle Eide, investor og havbruksentusiast
– Sissel Rogne, adm dir, Havforskningsinstituttet
– Oddvar Vermedal, æresmedlem i NJFF og lakseentusiast

Ordstyrer er Hilde Øvrebekk, journalist og kommentator Aftenbladet 

PS! Havserien under KÅKÅnomics har fire arrangement:
– Onsdag 27. oktober kl. 17.00: Eit hav av høve: Oppsider og utfordringar
– Torsdag 28. oktober kl. 16.00: Berekraftig havbruk: Fleip eller fakta?
– Fredag 29. oktober kl 16:00: Glad laks på grunn rente