KÅKÅnomics / 18. OKTOBER 2021 19:00 / Mellombels Ølstove, Bryne

Kampen om krafta!

Kampen om krafta
– Tour de KÅKÅ|nomics på Bryne!

TID: Mandag 18. oktober kl. 19:00
STAD: Mellombels på Bryne
50 kr

I Time har det stått hard strid om etablering av eit datasenter på Kalberg. Men det politiske fleirtalet i Time er ikkje aleine om å ha forventningar om at kraftressursane skal kunna skapa nye arbeidsplassar. Og elektrifisering basert på rein, fornybar kraft er avgjerande for å få til det grøne skiftet.

Men det er mange om beinet: datasenter, batterifabrikkar, elektrifisering av sokkelen, smarte hus og byar, kryptovaluta, elektriske bilar, ferjer og fly – alt dette og meir til kjempar om den dyrebare krafta. I tillegg meiner mange at Norge bør eksportera meir elkraft til Europa.

Går dette reknestykket i hop? Kor mykje meir fornybar kraft kan me byggja ut før naturtapet blir for stort og protestane blir for sterke? Og dersom kraftressursane ikkje strekk til – kva er viktigast å bruka dei til?

Deltakarar:
– Anders Bjartnes, redaktør i Energi og Klima
– Ingrid Fiskaa, kommunepolitikar i Time og stortingsrepresentant for SV i Rogaland
– Eimund Nygaard, adm. direktør i Lyse
– Are Tomasgard, LO-sekretær

Debattleiar: Tom Hetland, kommentator, kritikar og historikar.

Samarbeidsavis: Jærbladet

Tour de KÅKÅ|nomics, debatturnéen som kvart år drar rundt om i Rogaland i forkant av økonomifestivalen KÅKÅ|nomics i Stavanger, er i år utvida til fem stader: Sauda, Haugesund, Bryne, Sandnes og Egersund. På kvar av stadene skal me debattera tema med lokal relevans, men som også har interesse for eit større publikum. Dei som ikkje kan vera til stades i salen, kan følgja debattane på nett, enten på www.kknomics.no eller på nettsidene til lokalavisene me samarbeider med.