KÅKÅnomics / 29. OKTOBER 2021 21:30 / Glasshuset

WTF is NFT?

Tid: Fredag 29. oktober, kl. 21:30 – 22:30

Stad: Glasshuset, på taket av Hospitalgata 6
Pris: 150 / 75 kr 

Deltakarar:
– Morten Søberg, direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 Gruppen
– Tom Staavi, informasjonsdirektør i Finans Norge
– Nikolai Gobel, dagleg leiar i Kaupang krypto

Innledning ved Morten Søberg, om norske NFT’er. Søberg leder deretter samtalen. 

2021 er året då NFTs (non-fungible tokens) tok av. Mest kjend er NFT'en til kunstnaren Beeple, som vart seld for over 60 millionar US-dollar. Korleis kan dette ha seg? Kva er eigentleg NFT'ar?

Når sant skal seiast: NFT er digitale objekt. Dei er baserte på blokkjedeteknologi, for det meste blokkjeden Ethereum. Dei aller fleste NFT’ar er meint å vera samleobjekt – «moderne frimerke». Dei kan framstilla ulike former for kunst; bilete, kollasjar, film og musikk. Kanskje «representerer» populariteten deira òg eit meir generelt gjennombrot for bruk av blokkjedeteknologi.

I Noreg står SpareBank 1 bak det fyrste NFT-prosjektet initiert, finansiert og drive av ein seriøs aktør i norsk finansnæring. Prosjektet Svalbard-pengar (www.svalbard.money) vart lansert i Longyearbyen 12. april. Etter det har prosjektet gått sin sigersgang verda rundt med over 55 000 unike brukarar frå i alt 190 land. Kva går dette prosjektet ut på? Er NFT-bobla nettopp det, berre ei boble? Bør folk flest kjøpa eller investera i NFT’ar? Får NFT-boomen konsekvensar for kunstfeltet, for finansbransjen, for utbreiing av blokkjedeteknologi på andre samfunnsområde?